MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 23.08.10 -

Næringsprisen for 2010 til Einekavane AS

 

Reidum Kvamsdal tek i mot næringsprisen frå ordførarenNæringsprisen er eit relativt nytt tiltak i Masfjorden kommune, - det er i år 3. gongen han vert delt ut

 

Prisen består av eit diplom og ein sjekk pålydande kr. 10.000,-, og i tillegg ein blomebukett.

 

Kortversjonen av statuttane seier at prisen skal tildelast bedrifter og einskildpersonar som har utmerka seg på næringssida i kommunen vår.  Det er oppnemnd ein jury, som består av to leiar og nestleiar i styret i Masfjorden Næringsforum,  redaktøren i Nordhordland Avis, leiar av Bedriftsavdelinga i Sparebanken Vest, Nordhordland, og ordføraren i Masfjorden, oppnemnd av Masfjorden kommune.

 

Då det mellom kandidatane også var selskap der Masfjorden kommune er eigar eller medeigar, trådde ordføraren ut av juryen som inhabil/ugild før drøftingane tok til.

 

Med fare for å avsløra vinnaren ganske fort, las ordføraren eit kort utdrag av grunngjevinga:

  • Verksemda, som er eit relativt ungt aksjeselskap, har synt ein god vekst både i driftsinntekter og driftsresultat dei siste åra, og spesielt for 2009
  • Selskapet har eit breitt tilbod av tenester, og opererer i heile nordhordlandsregionen
  • I sitt virke har selskapet også stor samfunnsøkonomisk betydning, og det marknadsfører Masfjorden på ein svært god måte
  • Selskapet legg til rette og gjer arbeidslivet svært meiningsfylt for dei tilsette
  • Selskapet har hatt evne til å sjå nye mogelegheiter og marknader der dei kan yta sine tenester gjennom dei åra det har eksistert.

Det er også for denne prisen laga eit heimespøta dikt, så her kjem avsløringa av namnet for dei som ikkje alt har tenkt det ut:

 

Så er det igjen klart for næringspris,
og den kan fortenast på mange slags vis
Av verksemder store og verksemder små
Er kriteria fylte kan ein prisen få

Ein handplukka jury har drøfta og grunna
på kven av dei innstilte no skal unna
ein pris som heng høgt i ein stolt kommune
Det kan ikkje styrast av innfall og lune

Nei, prisen skal gjevast til ein kandidat
som også serverer på mange slags fat
Eit selskap solid og med framifrå stil
får prisen i år, - det var ingen tvil!

Det er vel på tide å avsløra domen
Kven kan ha fått prisen, kven er så fullkomen?
Det kan vel knapt vera andre enn SAS?
Å nei, mykje betre, - Einekavane AS

 

Einekavane AS er vinnar av Masfjorden kommune sin næringspris for 2010, og styreleiar Reidun Kvamsdal tok i mot prisen på vegne av selskapet.

 

 

 

Tekst: Håkon Matre

Foto: Frode Vee-Haugen

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen