Råd og informasjon om koronaviruset
Nyttig og oppdatert informasjon finn du også på regjeringa si side Oversikt over nasjonale tiltak (www.regjeringen.no) og Folkehelseinstituttet(fhi.no)
Ingen nye smittetilfelle denne veka (veke 8)
Denne veka har 8 personar vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg. Ingen av desse har så langt testa positivt. Les meir om smittetilfelle i veke 8.
Masfjorden fylgjer nasjonale reglar og tilrådingar
Masfjorden kommune oppmodar innbyggjarane om å fylgje nasjonale reglar og tilrådingar som gjeld frå 23. februar. (oppdatert 25.02.2021) Les meir om oppmodinga til innbyggjarane
Besøk til bebuarar ved Masfjorden sjukeheim
Frå november opnar me for besøk til bebuarane ein gong for dagen. Besøket kan vare inntil 1 time med opp til to personar. Besøkjande må bruke munnbind. Les meir om sjukeheimbesøk
Kva er smittekarantene?
Du kan vere smitta utan å ha symptom. Hensikta med karantene er å ikkje smitte andre før du sjølv utviklar symptom. Når du er i smittekarantene skal du halde deg i eigen heim, eller anna bustad, der du ikkje kjem i nærkontakt med andre enn dei du bur saman med til vanleg. Du kan vere ute, og kan gå på tur, men hald god avstand til andre. Du kan ikkje gå på jobb eller skule, ikkje reise langt , og ikkje ta offentleg transport. Du bør prøve å unngå å gå i butikken, og få andre til å handle for deg. Det er viktig å vere merksam på symptom som feber eller irritasjon i luftvegane, og då ta kontakt med legekontoret for koronatest.
NAV har oppretta ein vakttelefon for søknad om krisehjelp
Dersom du treng å kome i kontakt med NAV Fensfjorden for økonomisk sosialhjelp har vi ein vakt-telefon du kan nå oss på. Les meir om vakttelefonen som er 413 97 364
Lurer du på om du kan vere smitta
Ta kontakt med Masfjorden legekontor tlf: 56 16 63 00 eller legevakt 116 117 for å avtale oppfølging. Det er viktig at du ringer først!
På denne sida vil det kome fortløpande og oppdatert informasjon som gjeld koronaviruset.