HeimNyhende12-15-åringar får tilbod om koronavaksinasjon

12-15-åringar får tilbod om koronavaksinasjon

Ein må vere fylt 12 år før ein kan få vaksine.

Koronavaksinen som vert tilbydd er godkjent frå 12 år og oppover. Vaksinen vert tilbydd årskulla 2006 – 2008, samt alle frå årskull 2009 så snart dei har fylt 12 år. Folkehelseinstituttet anbefaler å bruke vaksinen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer (kjent som Pfizer vaksina). I første omgang skal vaksinasjon til denne gruppa bestå av ein dose.

For koronavaksinasjon hos ungdom under 16 år vert det kravd samtykke frå begge føresette ved felles foreldreansvar. Det ligg ved samtykkeskjema og eigenerklæringsskjema som det er fint om eleven/føresette kan levere tilbake på skulen eller legekontoret.

Eigenerklæringsskjema - nynorsk (pdf)
Samtykkeskjema - bokmål (pdf)

Det vert tilbod om vaksinering på skulane i veke 36:

  • Nordbygda: måndag 6. september frå kl. 12.00
  • Sandnes skule: torsdag 9. september frå kl. 9.00
  • Matre skule: torsdag 9. september frå ca. kl. 12.30.

Dersom tidspunkt ikkje høver eller ein ynskjer å få vaksine ein anna dag må ein ta kontakt.

Ein kan lese meir på nettsida til FHI (fhi.no)

Ta gjerne kontakt med helsestasjonen eller legekontoret ved spørsmål.

Helsestasjon tlf. 56166314 / 56166313
Legekontoret tlf. 56166300

 

Tekst: Helsestasjonen og legekontoret                                      


Sist oppdatert: 03.09.2021
Publisert: 03.09.2021