HjemNyhendeAktivitetsdag for 8.-10. klasse i Gulen og Masfjorden

Aktivitetsdag for 8.-10. klasse i Gulen og Masfjorden

Aktvitetane er ikkje heilt spikra endå, men vi prøver å få til aktivitetar som bogeskyting, supbrett, kano, volleyball. Det er mogleg å låne utstyr frå BUA. Du deltek på det du ynskjer. Har du noko gode forslag til aktivitetar? Send det til oss, så kan vi prøve å få det til.

Opplegget er gratis, og vi set opp transport frå Brekke, Byrknes, Eivindvik, Matre og Duesund. Det er mogleg å gå på bussen på vegen.

Håpar du blir med!

Dersom du lurar på noko kan du ta kontakt med:
Johanne (Gulen): tlf 40 44 60 22
Kristin (Masfjorden): tlf 90 10 41 39

Påmeldingsfrist er 25. juni.
Du melder deg på her: Aktivitetsdag for Gulen og Masfjorden.

 


Sist oppdatert: 20.06.2024
Publisert: 20.06.2024