HeimNyhendeAktivitetsveke for alle mellomtrinna i Masfjorden

Aktivitetsveke for alle mellomtrinna i Masfjorden

26 supre mellomtrinnselevar var med og gjorde dette til ei minnerik veke for både barn og vaksne.

Tysdag var vi på Matre, onsdag på Sandnes og så torsdag og fredag på Hosteland.

aktivitetsdag på Matre

Matre: Då gjengen var på Matre vart det både bading og grilling, og litt samlande aktivitetar på idrettsbana. 

Ingvill Molland Hafsås frå Flyktningtenesta og Kristin K Rasch frå Frivilligsentralen var med som vaksne, i lag med Natalie Rambjørg Myklebust og Thea Madelen Hope som var aktivitetsleiarar. Samuel Skrzyczek var med som ung arbeidstakar.

Varm dag på Hosteland så alle søkte ly under dei store trea på skuleplassen.

 Hosteland: Det vart ein veldig varm dag, så dei fleste søkte skuggen mellom aktivitetane. 

Tusen takk til Nordbygda Helselag som laga nydeleg lunsj til oss to dagar på Hosteland, og Berit Lygre som laga nydeleg gryte til oss på onsdagen. Berit hadde med seg gode hjelparar på kjøkkenet. 

Bading på Sandnes

Sandnes: Bading i skikkeleg sommarsol. Nedanfor kommunehuset kan ein både nyta strandlivet, samt hopping frå bryggekanten. 



Takk til Stephen Palmer som steppa inn som frivillig og tok seg av gjengen i gymsalen.

Tetiana Palianytsia var og med oss som aktivitør fredag, det var kjekt. 

 

Me har hatt ei superkjekk veke!! 

Tekst: Kristin K Rasch, frivilligkoordinator. 


Sist oppdatert: 02.07.2024
Publisert: 02.07.2024