HeimNyhendeAlle fødd i 1955 og tidlegare har fått vaksinetilbod

Alle fødd i 1955 og tidlegare har fått vaksinetilbod

I veke 20 mottar kommunen ca 50 dosar av Pfeizervaksinen, der alle av dei går til revaksinering. Me er førespegla at dei vaksinane me får dei kommande vekene berre er til revaksinering, difor går det sakte nedover i aldersgruppene. Tilgangen på vaksine skal auke i juni, juli og august, så det vil bli vaksinering gjennom heile sommaren.

Dei som har fått 1. dose med AstraZeneca, vil mest truleg få tilbod om dose to i v. 22, då med Pfeizer vaksinen. Dei dette gjeld vil bli kontakta av legekontoret for å avtale tid.  

Me ber om at alle har tatt ei avgjerd på om ein ynskjer vaksine eller ikkje når me tar kontakt. Me veit framleis berre 1-2 veker fram i tid kva mengde me får av vaksine. Det er difor kort varsel på tildelt time til vaksinering, og me oppfordra alle til å ordne seg slik at ein kan stille på tildelt time så langt det lar seg gjere.

Me vaksinerer framleis om onsdagar i det gamle lokalet til legekontoret på Hosteland. Møt så presist som mogleg til klokkeslettet du har fått og vent i bilen til du blir henta inn. Dette pga smittevern.

 

Tekst: Malin Daae Steine, leiar helseavdelinga


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 07.05.2021