HjemNyhendeKunngjering - utlegging av årsbudsjett 2021 med handlingsplan og økonomiplan 2021 - 2024

Kunngjering - utlegging av årsbudsjett 2021 med handlingsplan og økonomiplan 2021 - 2024

Masfjorden kommune sitt årsbudsjett for 2021 med handlingsplan og økonomiplan 2021 - 2024 vert - i samsvar med kommunelov §14-3, 4. ledd - lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 2. november til 17. november 2020. Masfjorden kommune sin handlings- og økonomiplan syner kommunen sine prioriteringar i høve til teneste- og samfunnsutviklinga i perioden 2021 – 2024. Handlingsplan er heimla i plan- og bygningslova §11-1, og økonomiplan er heimla i kommunelov § 14-4.

Årsbudsjettet for 2021 med handlingsplan og økonomiplan 2021 - 2024 blir endeleg innstilt i formannskapet 17. november 2020 og handsama i kommunestyret den 30. november 2020.

Merknader til årsbudsjett for 2021 med handlingsplan og økonomiplan 2021 - 2024 må kome administrasjonen i hende innan 17. november 2020 kl. 09.00.

Merknader vert å sende til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller på epost til post@masfjorden.kommune.no

Dokumenta vert også lagt ut på tenestetorget på kommunehuset, biblioteka i kommunen, Sandnesbutikken, Kvingo Nærkjøp, Nordbygda Senter og Nærbutikken Haugsvær.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 02.11.2020