HjemNyhendeKunngjering - utlegging av årsbudsjett 2022 med handlingsplan og økonomiplan 2022 - 2025

Kunngjering - utlegging av årsbudsjett 2022 med handlingsplan og økonomiplan 2022 - 2025

Masfjorden kommune sitt årsbudsjett for 2022 med handlingsplan og økonomiplan 2022 – 2025, vert i samsvar med kommunelov §14-3, 4. ledd lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 2. november til 18. november 2021. Masfjorden kommune sin handlings- og økonomiplan syner kommunen sine prioriteringar i høve til teneste- og samfunnsutviklinga i perioden 2022 – 2025. Handlingsplan er heimla i plan- og bygningslova §11-1, og økonomiplan er heimla i kommunelov § 14-4.

Årsbudsjettet for 2022 med handlingsplan og økonomiplan 2022 - 2025 blir endeleg innstilt i formannskapet 22. november 2021 og handsama i kommunestyret den 2. desember 2021.

Merknader til årsbudsjett for 2022 med handlingsplan og økonomiplan 2022 – 2025 må kome administrasjonen i hende innan 18. november 2021 kl. 16:00.

Saksdokument i pdf:

Merknader sendast til Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes eller på epost til post@masfjorden.kommune.no

Dokumenta vert også utlagt på tenestetorget i kommunehuset, biblioteka i kommunen, Sandnesbutikken, Kvingo Nærkjøp, Nordbygda Senter og Nærbutikken Haugsvær.

 

Tekst: Svein Viktor Ellingbø, økonomi- og personalleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 02.11.2021