HjemNyhendeAuka smitte i kommunane rundt oss - nye råd til innbyggjarane

Auka smitte i kommunane rundt oss - nye råd til innbyggjarane

Dersom du har symptom frå luftvegane bør du halda deg heime heilt til du kjenner deg frisk. Dette gjeld sjølv om du har teke hurtigtest som er negativ. 

Ved symptom kan du få utlevert hurtigtestar ved Legekontoret i Fensfjordbygg, Hosteland.

Me minner elles om dei smitteførebyggjande råda: Hald avstand til dei som ikkje er dine nærkontaktar og sørg for god handhygiene.

Sentrale styresmakter vurderer nye tiltak fortløpande. Me forventar at det vil kome oppdatert informasjon før helga.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.11.2021