HjemNyhendeVår- og haustrydderutene for Gulen og Masfjorden vert avvikla

Vår- og haustrydderutene for Gulen og Masfjorden vert avvikla

NGIR har køyrd vår- og haustrydderutar i ei årrekkje, ei ordning der privatpersonar har hatt høve til å plassera avfallet sitt på fastsette hentepunkt.

Frå 2021 samlar NGIR inn grovavfall på ein ny og betre måte, med personleg frammøte. Den tradisjonelle vår- og haustryddinga vil difor ikkje lenger verta gjennomført for våre kundar i Gulen og Masfjorden (og delar av Alver).

Difor er ei endring naudsynt

Forureiningslova skal verna det ytre miljøet mot ureining, og sikra at miljøet ikkje vert unødig påverka. Lova skal m.a. hindra miljøskadelege utslepp, og sikra at avfall vert handtert på forsvarleg vis. Det er spesielt strenge reglar knytt til lagring og handsaming av farleg avfall, då dette kan skada menneske, dyreliv og miljø. Det er difor svært viktig at farleg avfall vert handtert på ein ordentleg måte, og oppbevart forsvarleg.

Vår- og haustryddinga har i nokre tilfelle ført til lagring av avfall langs vegen i lengre periodar. Dette er no ein utdatert praksis, sidan vi kan løysa dette på betre måtar, både for miljøet vårt og for våre tilsette.

Dette er dei viktigaste grunnane til at NGIR avviklar ordninga med vår- og haustrydderuter:

  • For dårleg sortering av avfallet, som gjev låg gjenvinningsgrad.
  • Mange tilfelle med farleg plassering av avfall, og fare for ureining.
  • Tungvint innsamling og dårlege arbeidsforhold for våre tilsette.

Dette er den nye ordninga

Som alternativ til rydderutene, vert ei ny ordning med mellombelse avfallsmottak etablert kvar vår og haust.

Eit mellombels avfallsmottak er ein «gjenvinningsstasjon på hjul», som inneber at NGIR kjem med konteinarar, bilar og mannskap til kunngjort tid og stad, ein laurdag kvar vår og kvar haust. Du kan då levera avfallet ditt her, og du vil få hjelp og råd til sortering. Kostnadene med ordninga vil framleis vera dekka via renovasjonsgebyret.

NGIR har hatt same ordning for kommunane Fedje og Modalen dei siste åra, og dette har vorte godt teke imot der. Som tidlegare nemnt, gjev denne ordninga rom for langt betre kjeldesortering av avfallet.

Til dei mellombelse avfallsmottaka kan ein levera:

  • Metallskrap
  • Møblar
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall.
  • Trevyrke/trykkimpregnert trevyrke (maks 1 m3 på palle)
  • Farleg avfall, til dømes batteri, bensin, olje, måling, sprayboksar, asbest, trykkimpregnert trevyrke og vindauge.

Krav til levering:
Eternit/asbest skal pakkast i byggingsplast (dampsperre 0,32 mm), slik at plasten dekkjer asbesten. Materialet må leverast på pall, og under transport må den sikrast med tau, for å unngå skader på platene. Ikkje bruk stroppar, då dei kan skada plasten og føra til utslepp av asbesthaldig støv.

NGIR sine transportørar har ikkje lov til å ta med feilpakka eternit/asbest.

Isolerglasruter kan leverast enkeltvis, eller, ved fleire enn ein, spikra på pall.

Dette kan du ikkje levera på mellombelse avfallsmottak:

  • Større mengder byggje- og rivingsavfall.
  • Bilmotorar, bildekk. (Felgar utan dekk kan leverast som metallskrap.)
  • Båtar og båtmotorar.
  • Glas- og metallemballasje (eigne returpunkt).
  • Matavfall/slakteavfall.
  • Hageavfall/skogavfall.
  • Plank over tre meter (må evt delast/kappast).
  • Medisin.
  • Takplater av metall over tre meter (må evt delast/kappast).
  • Pyroteknisk materiale (fyrverkeri, naudrakettar og liknande).

Sjå meir informasjon om dei ulike avfallstypane på ngir.no.

Viss du har spørsmål, ta kontakt på post@ngir.no.

Dato og stad for mellombels avfallsmottak

Dei mellombelse avfallsmottaka vert plassert følgjande stader:

  • Prestekaia Eivindvik 06.03.2021. Kl 09.00-18.00
  • Steine (ved Posten) 13.03.2021. Kl 09.00-18.00
  • Brekke ferjekai 27.03.2021. Kl 09.00-18.00
  • Kvingo (ved butikk) 20.03.2021. Kl 09.00-18.00
  • Matre (ved innkøyrsel til Stordalen) 17.04.2021. Kl 09.00-18.00
  • Fedje (ved Samnøy sitt lager) 10.04.2021. Kl 09.00-18.00
  • Modalen (ved teknisk lager) 20.03.2021. Kl 09.00-18.00

For å sjå hentetidspunkt for mellombels avfallsmottak i ditt område, gå inn på ngir.no Skriv inn adressa for eigedomen din i adressefeltet (eitt felt for hus, og eitt felt for hytte). I høgre stolpe får du då opp informasjon som er relevant for din eigedom, samt dato og stad for mellombelse avfallsmottak.

Kundar som får endring i ordninga si vil få informasjon frå NGIR. Følg med på ngir.no, der informasjon og vil verta publisert når ny ordning er fastsett.

Dumping av avfall er brot på forureiningslova. Avfall som vert plassert på tidlegare hentepunkt må fjernast for eigar si rekning.

NB! Også den nye ordninga med mellombelse avfallsmottak er eit tilbod til NGIR sine hushalds- og hytteabonnentar. Næringsavfall (inkl. avfall frå gardsdrift) må framleis leverast til NGIR etter nærare avtale (på ordinær innsamlingsrute, ved å leiga korttidskonteinar, eller ved direkte levering i Kjevikdalen).

Hugs at alle NGIR sine hushalds- og hyttekundar også kan nytta dei permanente gjenvinningsstasjonane for levering av grovavfall, viss det høver betre enn ordninga med mellombelse avfallsmottak.

Kundar i Alver må til gjenvinningsstasjon

NB: Heile ordninga med vår- og haustrydderutar vil gå ut i søraustleg del av Alver kommune (Romarheim-Ostereidet-Askeland-Nesbø-Andås-Kjekall bru).

Frå 2021 må innbyggjarar i desse områda levera grovavfallet sitt til NGIR sin gjenvinningsstasjon på Mjåtveit (Frekhaug), eller til gjenvinningsstasjonen i Kjevikdalen (Hundvin).

Hugs NGIR-kortet/miljøID-appen

Hugs at alle kundar må ha med NGIR-kortet/miljøID-appen ved levering av avfall til alle gjenvinningsstasjonar og mellombelse avfallsmottak. Gløymer du NGIR-kortet/miljøID-appen, får du ikkje levera avfall, då NGIR ikkje kan registrera leveringa i systemet utan NGIR-kortet eller miljøID-appen.

 

Tekst: Irene Bratteng Fossheim, NGIR


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.01.2021