HjemNyhendeMasfjorden folkebibliotek best i Hordaland på Sommarles

Masfjorden folkebibliotek best i Hordaland på Sommarles

Nokre av deltakarane i sommarles på Sandnes skule Masfjorden
(Foto: Nokre av deltakarane i sommarles på Sandnes skule, Masfjorden)

Biblioteket er pussa opp

Mange har sikkert fått med seg at biblioteket på Hosteland vart pussa opp sist vinter. Veggene er malte, det er kome nye lysarmatur og  her er om-møbelert. Alt dette har gjort at det er vorte eit mykje lysare og trivelegare lokale. Ein tur innom for å låne litt lesestoff er absolutt å anbefale.  På desse mørke haustkveldane er det triveleg å kunna setja seg godt til rette med ei god bok. Er ikkje boka inne, kan ho reserverast. Medan du ventar, kan du låna med deg ei anna bok, ein film, ei lydbok eller eit tidsskrift. Hugs og at biblioteket hjelper med å skaffa pensumlitteratur.

Skjønnlitterære godbitar

I sjangeren skjønnlitteratur kjem det i år mange godbitar. Alt kan ikkje nemnast, men  Ingeborg Askeland ,Tormod Haugland , Atle Berge  som alle kjem frå Nordhordland, kjem med nye bøker i haust. Alf Strand kjem og med ny diktbok.  Elles har biblioteket allereie fått inn siste bøkene til Anne Holt, Ingvar Ambjørnsen, Trude Teige, Anne B Ragde og Jørn Lier Horst. Forfattarane Aina Ertzeid og Helene Flood har vore med i bokprogrammet til Brenner på fjernsynet. Bøkene deira «15.25» og «Terapeuten» er   i biblioteket. Så ventar vi på Maja Lunde si siste bok i serien om klima. «Przewalskis hest» er tittelen på den. Jojo Moyes og Jussi Adler-Olsen skal  òg komme med nye bøker i haust.

Sommarles 2019

120 elevar frå 1.-7.klasse har delteke på «sommarles». Dette utgjer 78.9 % av elevtalet  og førte til at Masfjorden folkebibliotek vart  best i Hordland, og nr. 6 i landet prosentvis rekna av elevtal i kommunen. Stor takk til skulane for at dei har vore med og motivert elevane til å delta og hjelpt til med registrering. Og hurra for flinke lesarar!

I Masfjorden vart det registrert 2225 lesne bøker. Tal på registrerte sider er 169766. Det er sjølvsagt ikkje tekst på alle sidene. Ei bildebok t.d. blir registrert med tal på sider i boka slik ho er registrert i bibliotekkatalogen.

I september har vi hatt avslutning av Sommarles. Alle elevane i 1.-4.kl var i byrjinga av september inviterte til å sjå teaterframsyninga «Oldefars ulveskinnspels» av Adele Lærum Duus. Ho hadde framsyning på Sandnes og Matre skular. Seinare har det vore utdeling av diplom til alle deltakarane og trekking av bokpremiar.

Forfattarbesøk og bok- og strikkekafé

I samband med Bokåret 2019 hadde vi i juni  forfattarbesøk av den kjende barnebokforfattaren Maria Parr. Alle elevane i 5 . 7.klasse hadde vore med og laga og valt ut spørsmål. Nokre heldige elevar fekk «bokbade» henne.  Dette var eit særs vellukka arrangement.

Bok- og strikkekaféen er i gang att på Hosteland og Sandnes og det er høve til å låna bøker på seniortreffa på Sandnes.  Har du lyst å låne bøker digitalt, må du laste ned appen «Bookbites». Gå inn på nordhordlandsbiblioteka.no der finn du oppskrift. Manglar du lånenummer, ta kontakt med biblioteket.

Ha ein god lesehaust.
Elevar som intervjuar Maria Parr
(Foto: Elevar som intervjuar Maria Parr)

 

Tekst: Kjellaug Bolset Strand
Foto: Lillian Andvik(sommarles) og Kjellaug Bolset Strand(bokbad)


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 11.10.2019