HjemNyhendeBrannbamsen Bjørnis på besøk

Brannbamsen Bjørnis på besøk

Nordbygda barnehage deltok i den nasjonale "brannvernveka" i veke 38.
I samband med dette inviterte Nordhordland og Gulen interkommunale brannforebyggende avdeling i samarbeid med lokalt brannvesen, til ein konkurranse. Premien var eit besøk av den superpopulære Brannbamsen Bjørnis!

Nordbygda barnehage vart ein av dei 8 barnehagane som vann eit besøk av Bjørnis- Norges viktigaste bamse. Bjørnis reiser rundt på brannstasjonar og på besøk i blant anna barnehagar for å drive brannførebyggjande arbeid. 
På NRK Super går det ein serie om Bjørnis, der han hjelper born som kjem i vanskar. Her er det mykje god læring for det unge publikum. 
Han har og eigen song og dans, noko som fenger dei små. Det var stor stas då Bjørnis endeleg kom på besøk i barnehagen på Nordbygda. 

Bjørnis på besøk i Nordbygda barnehage

Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 16.11.2022