HjemNyhendeBrannsjefen ut med advarsel

Brannsjefen ut med advarsel

Brannsjef Lars Jørgen Svendsen minner om at det mellom 15.april og 15.september er generelt bålforbod. Det er normalt ikkje tillat å tenne bål, eingongsgrill, bålpanne og anna open eld i skog og utmark utan tillating frå kommunen.
I dette tidsrommet kan ein likevel gjere opp eld der det er openbart at det ikkje kan begynne å brenne. Døme på dette kan vera om det ligg snø på bakken eller at det har vore mykje nedbør over lang tid.

Det er viktig å hugse på at gneistar kan fly langt, og at sjølv om det er vått og fuktig der ein tenner bål så kan det vera svært tørt like i nærleiken. Kommunen kan gjennom lokal forskrift fråvike bålforbodet, dersom lokale forhald tilseier dette.

Slik det er no skal alle som ynskjer å tenne bål søke til: post@masfjorden.kommune.no med forklaring på tidspunkt og anledning, samt vedlagt bilete av planlagt stad for opptenning og at de har tilgang på midlar til slukkehjelp i nærleiken.

Grilling i eigen hage:

Ein har lov å grille eller bruke bålpanne på stader som ligg langt unna skog og utmark, så lenge ein meiner dette er trygt.


Sist oppdatert: 14.06.2023
Publisert: 14.06.2023