HjemNyhendeBrannvernutstilling på Strilabiblioteket

Brannvernutstilling på Strilabiblioteket

Avdelinga har sidan 2000 besøkt 6. klasse i alle kommunane og i år fekk rundt 1100 elevar fekk besøk av oss.
Elevane fekk undervisning i brannteori, samt ei praktisk slokkeøving. I etterkant av undervisninga kunne elevane delta i ein konkurranse, der dei skulle lage ein kreativ ting som handla om det dei hadde lært.
Premien var ein «draumedag» på brannstasjonen på Ikenberget utanfor Knarvik + besøk på Vilvite-senteret i Bergen.

Før påske kom det inn 24 flotte og kreative bidrag. Av desse var det ca 100 elevar, frå åtte ulike klassar, som fekk kome på brannstasjonen. På brannstasjonen fekk elevane prøve brannslange, varmesøkjande kamera i røykfylt rom, dei fekk og møte og snakke med politiet og ambulansen hadde kurs i Hjarte- og lungeredning (HLR).
Politiets hundeteneste og kriminalomsorga demonstrerte korleis hundar kan hjelpe dei i arbeidet sitt.

6. klasse frå Matre, Fedje, Sagstad, og Solund på besøk ved Knarvik Stasjon

Dei kreative bidraga vert no stilt ut på Strilabiblioteket i Knarvik og kan sjåast frå og med måndag 11.07, og fram til 4. september.

Brannvernutstilling på Strilabiblioteket

De kan og sjå bilete av alle bidraga på Brannvernet.no/konkurranse.

 

Tekst: Aleksander Martens, branningeniør.

- Nordhordland og Gulen Interkommunale Brannførebyggande avdeling (NGIB)

Brannvernutstilling

 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 08.08.2022