HjemNyhendeBusetting av ukrainske flyktningar på Matre

Busetting av ukrainske flyktningar på Matre

Me leiter etter deg som kan bidra litt, til dømes ved å invitera med deg flyktningar på ein runde i trimløypa, ta dei med til Knarvik på shopping, eller ta dei med på andre hyggelege og nyttige aktivitetar. Kanskje vise dei rundt på Matre og fortelja dei kva bygda og Indrefjorden har å by på. Eller ta med deg den nye familien i bygda på fotballtrening, i bassenget eller slalåmbakken.

Kanskje kan du laga til eit treff på dagtid eller ettermiddag, og slik hjelpe dei til å lære norsk betre.

Me som arbeider med flyktningar i Masfjorden kommune,  tenkjer på heilt vanlege aktivitetar i kvardagen, eller berre det å invitera dei på ein kopp kaffi for å bli betre kjent.

Kanskje dette kan vera noko for deg?

Då kan du ta kontakt med oss, som er flyktningmedarbeidarar på e-post: Ingvill.Molland@masfjorden.kommune.no

beate.sandnes@masfjorden.kommune.no

 

Det er også behov for fleire vennefamiliar på Sandnes og  Hosteland. Hugs, der bur det også ukrainske menn som sikkert hadde sett pris på å bli invitert med på ein fotballkamp, fisketur eller noko anna interessant!

 

Tekst: Ingvill Molland Hafsås og Beate Sandnes


Sist oppdatert: 27.01.2023
Publisert: 17.01.2023