HjemNyhendeDagsturhytta kjem

Dagsturhytta kjem

På veg til dagsturhytta

No er det ikkje lenge før Masfjorden får dagsturhytte. Etter siste oppdatering frå leverandør skal hytta leverast med båt i slutten av komande veke. Byggjesettet skal deretter flygast til tomt og monterast frå måndag 21. september. Det er leverandøren, Stad kystbygg, som står for dette arbeidet.

Sidan kommunestyret i slutten av juni vedtok at hytta skulle plasserast i Grøttneset mellom Mjanger og Kvingo har det vore  høg aktivitet i området. Kvinge grendalag har på dugnad lagt ned eit formidabelt arbeid med tilrettelegging.  Tomt har blitt klargjort og det er støypt fundament slik at hytteelementa no kan plasserast direkte på ramma. Stiane fram til der hytta skal koma, og i området elles, er utbetra og merka. Det er spikra klopper over fleire våte parti. Det vert for tida laga parkeringsplass ved turstart. Kulturlandskapet på veg til Kvingebakken er stelt. Badestranda ved hytta er rydda. Alt dette arbeidet er utført av grendalaget med gode hjelparar. I tillegg har kommunen gjort det administrative arbeidet som har vore naudsynt for å få framdrift i heile prosessen.

Når hytta er ferdig montert av Stad kystbygg skal det byggast terrasse og utedo og elles gjera hytta ferdig innvendig. Dette arbeidet blir og gjort på dugnad. Området vil i same periode bli skilta og GPS-merka, slik at det skal vera lett å finna fram. Arbeidet med å ordna stiane og uteområdet ved hytta vil halda fram utover hausten og til neste år.

Grunneigarlaget på Kvingo har i samband med utgraving av tomt teke på seg å laga trasé for framtidig universell tilkomst til hytta. Dette var eit ønskje frå kommunestyret. Den kilometerlange skogsvegen  treng no å tørka ut før arbeidet med toppdekke vert påbegynt. Vegen vil  bli ei naturleg forlenging av den universelle turvegen over Stien som grendalaget no er klare til å gå i gang med, og  som dei har fått spelemidlar til å realisera. Når alt er ferdig( i 2022)  kan ein sykla, trilla barnevogn e.l på 2,4 km turveg heilt frå Nord-Kvingekrysset og fram til hytta, om ein ønskjer det.

Målet er at hytta kan opnast innan utgangen av oktober. Mange ting skal sluttførast, så har du lyst til å bidra med dugnadsinnsats i innspurten  kan du ta kontakt med Kjetil 991 525 90 eller Wenke 91731320. Og hugs; du treng ikkje vera tilslutta Kvinge grendalag for å bidra med dugnad. Dette er ei hytte for alle!

Det vil i god tid før opning bli kunngjort informasjon om hytta, bruksreglar, kart mm i på kommunen si nettside, på dagsturhytta.no, på ut.no og i Masfjordingen.
Her kan du lesa litt om dagsturhytteprosjektet i Vestland (www.vestlandfylke.no)


 

Tekst og foto: Frank Kvinge, Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 09.09.2020