HeimNyhendeMasfjorden har fått dagsturhytte

Masfjorden har fått dagsturhytte

Dagsturhytta frå utsida, mot vatnet

Kva er ei dagsturhytte?

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar- eit turmål, ein plass å ete matpakka si, ein stad å få litt varme i seg- og ein stad mange kan nå.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane. Alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane har alt fått ei slik hytte.

Utgangspunktet for dette prosjektet er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: «Fysisk aktivitet for alle».

Masfjorden si dagsturhytte

Masfjorden si dagsturhytta finn du i Grøttneset, mellom Mjanger og Kvingo. Hytta, som har fått namnet Fjordblikk, ligg vakkert til  omgitt av sjø på tre sider. Hytta  har eitt rom på ca 17 m2, ein liten hems og har solcellepanel og vedovn. Hytta er utstyrt med eit minibibliotek med bøker til bruk på staden, for å stimulera til lesing og for å gjera kjend god nynorsk litteratur, hovudsakleg barnebøker.
Rundt hytta er det bygd romsleg, universelt utforma terrasse med sitjeplassar. Det er utedo og vedskjul i tilknyting til hytta. På nordsida av hytta er det badestrand. Innafor badestranda er det ilandstigingsplass  dersom du kjem sjøvegen.

Sjølve hytta er det Stad kystbygg som har bygd og levert. Hytta kom som byggjesett med båt i september, og modulane vart deretter sett på plass ved hjelp av helikopter.

Kvinge grendalag i samarbeid med kommunen står for tilrettelegging av alt rundt hytta, med klargjering av tomt, parkeringsplass, toalett, terrasse, tilrettelegging av stiar, strand, ilandsstiginsplass, skilting mm. Tilretteleggingsarbeidet heldt fram komande år.

Kommunen har inngått tilsynsavtale med Kvinge grendalag for hytta. Grunneigarar har stilt hyttetomt, parkeringsareal mm vederlagsfritt til disposisjon.

Korleis kjem du til hytta?

Ta av frå Fv 570 i Nord-Kvingekrysset. Deretter køyrer eller går du den kilometerlange kommunale vegen til Bakken til endes der det er skilta for parkering. Frå parkeringsplassen er det om lag 1,5 km å gå til hytta, først nokre hundre meter på skogsveg og deretter sti i lett terreng. Der skogsvegen sluttar på Flesbråtet deler stien seg og du kan velja stien over Flena eller gjennom Skarhellerdalen. Begge tur-rutene tek om lag 30 minutt i roleg gange.
Sjå pdf-kart over turløypa

Ønskjer du ein lengre og litt meir krevjande tur til eller frå hytta kan du ta turen rundt Kjeringatåna, ein om lag 3 km/ 1 times lang tur på sti langs Nord-Kvingevågen og Austfjorden. Starten på denne turen er der den nye båthavna på Bakken no blir  tilrettelagt. Når du nærmar deg hytta møter du stien gjennom Skarhellerdalen, og følgjer denne vidare til hytta.

Ønskjer du å padla eller ro fram til hytta kan kaien på Nord- Kvingo og  båthamna på Bakken  vera fine utgangspunkt for turen.

Løypenett og universell tilrettelegging

Kvinge grendalag arbeider med å oppgradera løypenettet i området på vestsida av fylkesvegen. Laget har fått spelemidlar og støtte frå ulike fond til ein universelt tilrettelagt turveg frå Nord-Kvingekrysset over Stien til Bakken og der parkeringsplassen til dagsturhytta er. Vegen vil få lys. Arbeidet med vegen vil ta til i haust og anlegget skal stå ferdig i 2022. I samband med tiltaket vil det bli opparbeidd ein liten parkeringsplass i Nord-Kvingekrysset. I tilknytning til denne turvegen kan ein nytta turstiane rundt Erhovden og Ospedalshaugane.

Masfjorden kommune i samarbeid med grendalaget planlegg universelt utforma turveg frå parkeringsplass til dagsturhytta med total lengde 1,4 km. Frå parkeringsplass på Bakken er det planlagt oppgradering av eksisterande traktorveg på 500 meter for rullestolbruk. Traktorvegen er ein tidlegare etablert landbruksveg med 3,0 meter breidde. Vidare må det byggast universell utforma gangveg på 925 meter  fram til hytta og naturmøteplassen. Slik oppnår ein  universell tilrettelagt gangveg frå parkeringsplass og heilt fram til dagsturhytta.

I tillegg ønskjer ein at rørslehemma også skal ha høve til å nå hytta frå sjøsida, og i tillegg kunne nytta seg av badestrand, fiskeplassar og flytebrygge. Frå hytta skal det difor opparbeidast ein gangrveg 1:20 på 145m til fjæra. Ein landgang på 15m skal binda vegen saman med flytebrygge. I enden av turvegen ligg badestrand.

Vegen følgjer terrenget med minst mogleg terrenginngrep.  Siste  del av denne gangvegen vert liggande langs stranda.  Det er ein holme tett ved land og denne er godt eigna for å kunna etablera gangbru frå gangvegen og ut til landgang til flytebrygge. Gangbrua vil ligge horisontalt og vert om lag 15 meter lang.  Det er enkle tilhøve for å fundamentera og bygga ei bru i tre.  På utsida av holmen vert det ankra opp ei flytebrygge på 4 x 6 meter.  Det vert landgang frå holmen til flytebrygga. På brygga vert det laga eit arrangement for å få funksjonshemma frå båt, og i båt.   

Desse tiltaka vil inngå som eit viktig tilskot til å gjera området rundt dagsturhytta endå meir attraktivt for fleire målgrupper, og vil på mange måtar vera eit pilotprosjekt. Masfjorden kommune i samarbeid med Kvinge grendalag er klare til å realisera eit slikt prosjekt no, i samband med ferdigstilling av dagsturhytteprosjektet.

Tiltaket vil opna for meirbruk, fleirbruk og sambruk.

Tiltaket vil bli fullfinansiert gjennom tilskot frå Gjensidigestiftelsen(Naturmøteplassen), Vestland fylkeskommune, Masfjorden kommune, spelemidlar og Kvinge grendalag.
Dagsturhytta sett innafrå

Bruk basert på tillit

Dagsturhytta vil stå ulåst og open for alle. Med dette legg ein opp til at ein stoler 100% på dei som besøkjer hytta. Det er ikkje lov å overnatta, og det er heller ikkje høve til å koke mat i hytta. Rundt hytta er det mange høve til hengekøyeovernatting. Det vil bli laga til grillplassar ute på Grøttnespynten.
Vaskevatn finn du i slangen utanfor inngangen. Ferdig tilrettelagt vår 2021.
Treng du godt drikkevatn hentar du dette i elveosen nørst i Elvikastøa.
På utsida av hytta er det flotte sitjeplassar, nokre av dei overbygde med tak som ein slags gapahuk.

Når du besøkjer hytta

  • skriv du deg i gjesteboka
  • set du skoa i stativet utanfor døra. Jakker m.m. kan du ev. henga på knaggar i taket på dei to gapahukane på sidene av hytta
  • kan du låna tjukkelabbar til å ha på inne
  • kosar du deg

Før du går

  • kostar du over golvet, og ristar ryer
  • set du bord og benkar på plass etter deg
  • tek du med alt boss heim, både inne og ute
  • legg du saman teppe og ordnar puter
  • set du bøker, spel og teiknesaker på plass
  • stengjer du i omnen
  • lukkar du dører og vindauge
  • kostar du golv og lukkar dør til utedo

Hundar skal ikkje inn i hytta. Hugs bandtvang.

Det er tørr ved, opptenningsved, kostar og vaskeutstyr i rommet til høgre for inngangsdøra.

Dersom du ser noko som ikkje er i orden kontaktar du Masfjorden kommune på tlf. 56 16 62 00 eller post@masfjorden.kommune.no

Aktivitet

Hytta er plassert i eit område som naturleg inviterer til leik og allsidige uteaktivitetar. Kommunen ønskjer difor ikkje å gjera så mange tilretteleggingar på dette feltet. Strandområdet er nemnt.  For born i alle aldrar vil stranda gje flotte opplevingar med alt fiske- og dyreliv i strandkanten  og i fjæra.  Elles er det  enkelt å finna fiske- og badeplassar på svaberga. Det vil bli vurdert innkjøp av kano. I skogen rundt hytta er det massevis av flotte klatretre. Inne i hytta er det i tillegg til bøker ulike brett/kortspel og teiknesaker.

Nokre erfaringar frå Sogn og Fjordane

Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane har sidan opning hatt svært mange besøkande. Enkeltpersonar, skular, barnehagar, lag og organisasjonar har lagt turar til hytta. Mange besøkjer hytta fleire gongar for veka, ja bortimot dagleg. Det ser me alt er tilfelle også i Masfjorden. I tillegg har ein sett at det er svært mange som reiser til nabokommunane og oppsøkjer dagsturhyttene der.

Engasjementet frå innbyggjarane har vore stort. Skular, helselag og pensjonistlag har bidrege med golvteppe, tova sitjeunderlag og tjukkelabbar i kipe/korg som gjestane kan ta på seg når dei besøkjer hytta. Så også i Masfjorden.
Skuleklassar har laga fuglekassar som er blitt plassert ut på veg til og rundt hytta. Dei har og laga til aktivitetar/oppgåver for dei minste undervegs. Lag og organisasjonar har lagt møte og samlingar til hytta.

Opning

I Masfjorden synest me at dagsturhytta har blitt noko meir enn berre ei hytte. Tilretteleggingsarbeidet like utanfor og i området rundt  har vore omfattande, og er enno ikkje ferdig. Dette arbeidet vil halda fram dei komande åra, slik at området vil stå fram som eit friluftsområde med universell utforming i fokus.

Den offisielle opninga vert grunna koronapandemien utsett til våren 2021. Dato for dette vil bli annonsert i god tid.

2. søndag i advent, 6. desember frå kl. 12:00, opnar hytta dørene slik at dei som vil kan ta hytta og området i nærare augesyn. Ordføraren vil vera på plass. Kvar og ein tek med mat og drikke. Ein følgjer gjeldande smittevernreglar.

Det har i heile haust vore stor trafikk til hytta av skodeystne frå fjern og nær, og av dugnadsfolk, faktisk så mange at det i kombinasjon med mykje nedbør har blitt svarte/ blaute parti i hovudstien til hytta. Dette vert det arbeidd med å utbetra.

Før den tid: Nordhordland Turlag arrangerer KomDegUt-dagen ved dagsturhytta 7. februar.

Velkommen til dagsturhytta!


Tekst og foto: Masfjorden kommune


Sist oppdatert: 16.12.2020
Publisert: 25.11.2020