Delta på ryddeaksjon og ten pengar til ditt frivillige lag eller organisasjon
NGIR får midlar frå Miljødirektoratet for å dekkje utgiftene i samband med ryddeaksjonane i regionen vår. Vi deler ut dugnadspengar til frivillige lag og organisasjonar, som gjer ein ryddeinnsats i nærmiljøet.
• Ein kan rydda ved sjøen, langs elver og vatn, stiar, holmar og andre stader i naturen der det er eigarlaust avfall.
• Strandrydding er sosialt, meiningsfylt og enkelt!
• NGIR syrgjer for utstyr til dugnaden og handsaming av avfallet.
•Innsatsen vert løna. (sum reknast ut frå omfanget av ryddeaksjonen)
For å delta må ditt lag/organisasjon ha eit organisasjonsnummer
Ryddeaksjonen må være avslutta og avfallet levert på ein av gjenvinningsstasjonane våre innan oktober 2023.
Er dette noko for deg/din organisasjon?
- Send ein mail til strandrydding@ngir.no eller ring 418 65 496 for å få meir info
- Du vil deretter få søknadsskjema på mail.
Søknadsfristen er 1.august 2023