HeimNyhendeDet er påvist pærebrann i Masfjorden

Det er påvist pærebrann i Masfjorden

Det er også mistanke om pærebrann i Solund kommune. Pærebrann er frå før registrert i fleire av nabokommunane langs kysten. Mattilsynet oppmodar alle til å fjerne lett mottakelege vertplanter som bulke- og pilemispel, samt om å vera merksam på sjukdommen slik at vi unngår å spreie den til område utan smitte med flytting av bikubar eller vertplanter.

Flytting av bikubar frå eit område med pærebrann kan spreie smitten til nye område. For å hindre dette er det forbod mot å flytte bikubar ut av kommunar med pærebrann frå 1. mai til 10. oktober.
Ved mistanke om pærebrann ta kontakt med mattilsynet eller kommunen om kva du skal gjera:
Marit Larssen Sekse
, seniorinspektør Seksjon dyr og planter i Bergen og omland tlf: 22778647 / 91186566

Du kan lesa meir om dette på mattilsynet sine nettider. 


Tekst: Ottar Myrtveit, Fagkonsulent


Sist oppdatert: 15.08.2022
Publisert: 15.08.2022