HjemNyhendeOpplever du digital utanforskap?

Opplever du digital utanforskap?

Nettbank, netthandel, sosiale media og offentlege tenester på nett utviklar seg raskt. Det kjem stadig nye tenester, som gjer at ein må kunna bruka digitale verktøy for å vera sjølvstendig og klare seg mest mogleg på eiga hand i 2022.

Digitalisering av samfunnet forenklar kvardagen for dei fleste av oss, men for nokon fører denne raske utviklinga til at ein fell utanfor og møter digitale hindringar i kvardagen.

Kommunen ønskjer å etablere eit tilbod som treff innbyggjarane sine behov for å løysa digitale utfordringar i det daglege. For å få til dette treng vi din hjelp!

Det vert lagt ut spørjeskjema på butikkane på Hosteland, Haugsvær, Sandnes og Kvingo. Der kan du delta i undersøkinga, og slik vere med i kartlegginga om kva behovet er.

Skjemaet kan du og finne her.

 

 

Tekst: Åse Elin Solheim, hjelpepleiar.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 04.03.2022