HeimNyhendeMasfjorden kommune har lagt ut møtebøker frå formannskap og kommunestyret frå før 1920

Masfjorden kommune har lagt ut møtebøker frå formannskap og kommunestyret frå før 1920

Bilete er henta frå Masfjorden formannskap 1897Arkivet inkluderer møtebøker etter formannskap og kommunestyre i Masfjorden kommune samt delar av Lindås kommune som følger av frådelingar eller grensejusteringar.

Som du sikkert veit vart Masfjorden eigen kommune alt i 1897, da utskild frå Lindås kommune. Difor gjeld den andre møteprotokollen for perioden 1897 til 1904. Når det gjeld perioden 1873 til 1890 så gjeld den for Lindås kommune, men møteprotokollane som også omfatta Masfjorden sokn eller herad er med fram til 1879.

Masfjorden er også den fyste kommunen i Hordaland der du får tilgang til alle skuleprotokollane til og med 1920. Disse ligg no fritt tilgjengeleg på Digitalarkivet.

Dette viser at kommunen er villig til å bidra til Kulturdepartementet sin strategi for digitalisering av kulturarven samt sikra innbyggarane sin tilgang til kulturarven som er en demokratisk rett.

For neste formannskapsprotokoll (1904-1921) så har IKA Hordaland opplyst at den vil bli gjort tilgjengeleg i løpet av 2021 da den også blir avklausulert. Når det gjeld formannskapet før 1873 i Lindås så er dette arkivmaterialet dessverre er tapt.

Digitalarkivet.no har fått mye merksemd den siste tida fordi lesesalane ved arkivinstitusjonane har vore stengt og fleire har etterlyst materiale digitalt.

Her kan du logge deg på digitalt arkiv for Masfjorden kommune (media.digitalarkivet.no)

Dette er ei av basistenestene kommunen får som eigar av Interkommunalt arkiv Hordaland (IKAH).

 

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen
Foto: IKA Hordland


Sist oppdatert: 18.09.2020
Publisert: 18.09.2020