HeimNyhendeEdvard Hoem kjem til Masfjorden

Edvard Hoem kjem til Masfjorden

Portrett av Edvard Hoem

Fjon musikklag spelar nokre av Edvard Hoem sine salmar.

Arrangementet er gratis. På grunn av korona er det ønskeleg med påmelding på e-post folkebibl@masfjorden.kommune.no eller tlf. 56166420 /41556442 innan måndag 19.10.2020.

Dette er eit unikt høve til å treffe ein av våre store forfattarar. Denne sjansen må du ikkje la gå frå deg så sant du er frisk!

Edvard Hoem vil ta oss med inn i sitt litterære univers, der han vev saman karakterar frå ulike bøker.

I den første boka i den store slektskrønika om Nesje-folket, treffer vi Lars Olsen. Lars er også bror til Per frå romanen «Heimlandet, barndom», han som vert skulda for drap på ei ung tenestejente. 

I «Felemakaren» - boka som snart er i handel, blir vi kjende med Lars, og korleis krig og anna gjere at draumen om å vere skipper på eiga skute må leggjast på is. Han vert utskriven til Napoleonskrigen, vert teken til fange og sit fengsla på eit britisk fangeskip i fem år. Det er her han lærer seg å byggje feler, og han vert seinare ein kjend og akta felemakar på Nordvestlandet.

Edvard Hoem er ein nestor i norsk kulturliv, ikkje berre har han gledd oss med skjønnlitterære tekstar i snart ein mannsalder, han har også eit stort fagleg forfattarskap bak seg. Å skrive så autentisk som mogleg og grundig "research" er stikkord for eit langt og eineståande forfattarskap.

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt heidersprisen under Brageprisutdeling, og i 2020 vart han Kommandør av St. Olavs Orden for sin store og framståande innsats for norsk litteratur og kulturarv.

Arrangementet er støtta av Folkeakademiet og Vestland fylke.


Tekst: Sigrid Furnes, Vestland fylkeskommune
Foto: Pål Audestad, oktober.no


Sist oppdatert: 14.10.2020
Publisert: 24.09.2020