HeimNyhendeEldreprisen til Astrid og Reidar Birkeland

Eldreprisen til Astrid og Reidar Birkeland

Astrid og Reidar Birkeland har fått overrekt eldreprisen av ordføraren

Det var ordføraren som sto for overrekkinga.

Eldreprisen har vore utdelt årleg sidan 2002. Tildelinga har vore fast post på eldrefesten 1. oktober, men i år måtte denne festen avlysast grunna koronapandemien.

Det er Masfjorden eldreråd som avgjer kven som skal heidrast. Pensjonistlaga kan koma med framlegg. Prisvinnar må ha gjort ein prisverdig innsats særleg som pensjonist mellom og for pensjonistar. Med andre ord; ein kvardagshelt.

I grunngjevinga står det:
Eldrerådet har i år samla seg om to personar som saman har oppfylt vilkåra. I godt samarbeid har dei hjelpt pensjonistar som treng køyring for å koma på butikk, møte og andre samankomstar. Sjølv om prisvinnarane har stor familie har dei tid og omtanke også for andre som treng ei handsrekning. Den lune veremåten deira gjer det kjekt å vera i lag med dei.

Frå Nordbygda pensjonistlag sin møteprotokoll finn ein namna deira nemnd langt tilbake i tid. I 2004 vart den eine tildelt blomar etter at han snikra talarstol til laget, elles har dei delteke med programinnslag, vore i styre og valnemnd. Den eine var ei tid leiar i pensjonistlaget. Det er mange andre ting som også kunne vore nemnd som fint snikkararbeid, veving og loddsal til inntekt for trengande i samfunnet.

Eldrerådet har lagt mest vekt på det arbeidet desse to har lagt ned i onsdagskafeen på sjukeheimen. Det arbeidet har hatt stor betydning og vore trivselsskapande for både besøkjande og bebuarar. Me takkar for innsatsen.

Eldreprisen 2020 vert tildelt Astrid og Reidar Birkeland.

Masfjorden kommune gratulerer!
 

 

Tekst: Masfjorden eldreråd/ Masfjorden kommune
Foto: Mary Hope


Sist oppdatert: 05.10.2020
Publisert: 05.10.2020