HjemNyhendeEldreprisen til Magne (90) og Knut (90)

Eldreprisen til Magne (90) og Knut (90)

I grunngjevinga for tildelinga omtala ordføraren prisvinnarane som heidersmenn.

-Begge fylte 90 år sommaren 2022. Dei utmerkar seg med å ha vore svært engasjerte og aktive i pensjonistlaget på Sørsida. Dei har også alltid støtta opp om og møtt fram på felles tilstellingar for seniorgruppa i kommunen vår. Dei er alltid med, er positive, støttande, kunnskapsrike og har godt humør!

Eldreprisen 2022

Begge har vore/er  viktige sjåførar for eldre utan bil og førarkort, slik at dei kan delta i arrangementa for pensjonistar og andre seniorar.

Begge har alltid vore med i planlegging, praktisk arbeid, tilrigging, rydding og oppvask etter aktivitetar for eldre.

Magne har vore varamedlem, styremedlem og økonomiansvarleg i Masfjordnes pensjonistlag frå tidleg på 2000-talet heilt fram til 2022, då han sa frå seg attval.

Knut har mellom anna lagt tilhøva godt til rette for fysisk aktivitet for eldre, ved å snikra kvilebenker langs vegane i Andvikgrend.

-Vi meiner dei på alle vis fortener ein pris for det dei er og det dei bidrar med i pensjonistmiljøet i kommunen vår, avslutta ordførar Karstein Totland, før han saman med leiar i Eldrerådet, Ivar Haukeland, overrekte diplom og blome til prisvinnarane.

 

Det var to rørte prisvinnarar som takka for prisen, samstundes som dei takka  for å kunne vera ein del av eit fellesskap og vera til nytte, hjelp og glede for andre i dette fellesskapet.

 

Markering av Eldredagen

Eldredagen vart markert med festsamkome på Nordbygda samfunnshus for kring 60 pensjonistar.

Ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad, var talar for dagen. Ho snakka mellom anna om  personar i nær familie som har vore viktige inspirasjonskjelder for henne. Song og musikk har alltid hatt ein stor plass i livet hennar, og i løpet av talen  hadde ho nydelege framføringar av Blå salme og Den dag kjem aldri. Avslutningsvis framførte ho Hans Steinsund sin vakre tekst om Solund som ho sjølv hadde sett tone til.

Sanna( 10)  og Sofie( 9) frå kulturskulen song og spelte saman med lærar Jon Martin Skauge, og dei fekk velfortent stor og god applaus.

Frå naboen i sør kom gammaldansorkesteret « I G-dur» med feiande, frisk dansemusikk og gamle slagerar, i tillegg til at dei sto for tonefølgje til allsongen. Dei mimra om at her hadde fleire av medlemmene spelt til dans på 80-talet då samfunnshuset var heilt nytt. Og så måtte dei forklara det litt spesielle orkesternamnet.  Det har seg slik at dei fleste melodiane dei har på repertoaret går i G-dur. Ein konferansier på Lindås var ikkje heit stø i dette med dur og moll, og hadde ein gong introdusert dei som gamaldansorkesteret «G-streng».

Gammaldansbandet

 

Etter middag og dessert var det tid for beinstrekk og prat før Lovisa Midtbø fortalde og viste bilete om historia til skulemuseet på Sleire, og om oppgraderingsarbeidet som er gjort ved skulemuseet det siste året.

Frøyseth gardsmat sto for velsmakande mat, og dyktige 10. klassingarar frå Nordbygda skule serverte med stil. Stødig festleiar var Ivar Haukeland, som alltid smilande og blid, og med gode historiar og replikkar på lur gjennom heile festen.

 

Tekst og foto: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 03.10.2022