HeimNyhendeStengjer E39 ved Litle-Urdaltunnelen i etappar no onsdag

Stengjer E39 ved Litle-Urdaltunnelen i etappar no onsdag

Onsdag 22. september skal det setjast opp 13 stag til fanggjerda. Det skal nyttast helikopter til oppdraget.

Jobben vil finna stad frå klokka 09.00 til 16.00 – viss vêret tillet flyging.

20-30 minutt om gongen

Entreprenør har i samband med denne jobben behov for å stengja E39 i 20-30 minutt om gongen.

– Me har forståing for at vegarbeid som dette kan vera krevjande for bilistane, men då er det viktig å minna om at me gjer det for dei; for å vareta trafikktryggleiken også i framtida, seier prosjektleiar Harald Midtun i Statens vegvesen.

Det blir trafikkdirigentar og følgjebil i samband med vegstenginga.

For å få oversikt over vegarbeid før ein skal ut og køyra, vert bilistar oppmoda til å sjekka trafikkmeldingane på 175.no. Her finst det til ei kvar tid oppdatert oversikt over nôsituasjonen på alle norske vegar.

Difor gjer me dette

Statens vegvesen har eit strengt inspeksjonsregime for vårt vegnett, som er alle landets riks- og europavegar.

Det var under ein planlagd fjellreinsk at Statens vegvesen sin entreprenør Mesta oppdaga to ustabile steinblokker 30-70 meter over den eine tunnelopninga.

Det var i fjellsida utanfor vestenden av den 440 meter lange Litle-Urdaltunnelen at steinblokkene – kvar på mellom 150 og 200 tonn – vart lokaliserte.

På grunn av trafikktryggleiken måtte dei takast ned. Dette vart gjort ved hjelp av trykkluft, og med utstyr som måtte flygast inn med helikopter.

Dette, samt påfølgjande reinsking av fjellside og vegbane, var ein stor operasjon som gjorde at vegen vart stengd i heile veke 25 i slutten av juni. Omkøyring i Nordhordland var på fylkesvegane 57 og 570, som begge har ferjesamband.

– Før vegen vart opna, vart det sett opp mellombelse fangnett som no vert erstatta av varige. Og det er monteringa av stag til desse som gjer at vi er nøydde til å stengja vegen i etappar på 20-30 minutt gjennom delar av onsdagen, seier Midtun.



Tekst: Harald Midthun, prosjektleiar Statens vegvesen


Sist oppdatert: 20.09.2021
Publisert: 20.09.2021