HjemNyhendeFastlegesituasjonen frå 1. mai 2022

Fastlegesituasjonen frå 1. mai 2022

Mange kommunar i Vestland fylke opplever same utfordring som oss med å rekruttere fastlegar.

Me går no inn i ei tid der legedekninga er mindre enn me er vande med. Dette kan medføre lengre ventetid på timar som ikkje hastar. Ved nødvendig helsehjelp vil ein få hjelp frå dei andre legane ved kontoret. Me vil halde fram arbeidet med å prøve å få rekruttert ny fastlege til kommunen.

Minner om at ein sjølv kan endre/velgje ny fastlege på Helsenorge.no.

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 25.04.2022