HeimNyhendeFlotte Masfjord-ambassadørar

Flotte Masfjord-ambassadørar

Hald musepeikaren over bileta for bilettekst:

Isak Kvinge Thorsheim i aksjon

Fylkesfestivalen var i år delt opp i to arrangement, eitt i Måløy og eitt på Voss.
Dei kring 80 deltakarane på Voss vart tidlegare i vår sendt vidare frå lokalmønstringane som representantar frå sine kommunar/regionar i gamle Hordaland. På mønstringa fekk dei presentert seg og sine kulturuttrykk, og her fekk ein oppleva svært varierte innslag og framføringar, alle med skyhøg kvalitet.
Dei to deltakarane frå Masfjorden markerte seg med solide prestasjonar. Isak framførte Springsteen-låten Lost in the flood. Med seg på framføringa hadde han eit profesjonelt husband, og saman gav dei ei overbevisande, kraftfull og knalltøff framføring av songen. Sjølv song han og spelte piano.

Johanne nytta seg og av husbandet i si aldeles nydelege framføring av Umbrella. Salen engasjerte seg i innslaget med å tenna  mobil-lommelyktene, og veiva sakte fram og tilbake. Gåsehudfaktor!
Begge framføringane vart tekne godt imot til stor jubel frå salen.

Johanne Einestrand skapte gåsehud

I tillegg til forestillingar og utstilling fredag, laurdag og søndag fekk deltakarane også tilbod om å delta på workshops der dei kunne læra om låtskriving, konsertarrangering, graffiti mm.
Det vart lagt vekt på grundige lyd&sceneprøvar før kvart show.
Det er inspirerande for ungdommane å møtast slik, få impulsar, å få dela sine kunstuttrykk i ei profesjonell ramme, og i eit miljø der nye kjentskap og vennskap vert knytt.

Eit fagpanel vurderte alle innslaga, og valde ut representantar frå fylket som får høve til å delta på UKM- landsfestivalen til sommaren. Dei hadde ikkje nokon enkel jobb. Blant dei fire frå Nordhordland som kom gjennom nålauget var Isak. Saman med Frida Fammestad (konferansier), Malin Fyllingen og Robert Hermansen (unge arrangørar) skal dei saman med 500 andre deltakarar setja farge på Stjørdal i perioden 24.-28. juni.
Masfjorden kommune gratulerer Johanne og Isak med strålande innsats på UKM-festivalen.
Denne gjengen representerte Nordhordland på UKM-fylkesfestivalen

 

Tekst og foto: Frank Kvinge


Sist oppdatert: 28.04.2022
Publisert: 28.04.2022