HeimNyhende75 år sidan FN blei oppretta

75 år sidan FN blei oppretta

Markering og heising av FN-flagg på nordbygda skule

(Bilete: Markering av dagen på Nordbyda skule)

Laurdag 24. oktober er det 75 år sidan FN blei oppretta. Det viktigaste målet med FN i 1945 var å hindra framtidige krigshandlingar, og det har faktisk ikkje vore krigshandlingar mellom stormaktene i verda sidan FN vart oppretta.

I veka før sjølve dagen vart jubileet markert på ulikt vis frå 1. til 10. klasse på Nordbygda skule. Ungdomsskulen har hatt FN som tverrfagleg emne denne hausten. Som del av dette laga elevrådsrepresentantane Natalie Myklebust og Vilde Haukeland ein appell som dei las for alle på skulen i samband med heising av FN-flagget. Clara Brandt og Synnøve Torsvik Størkersen spelte ein flott flaggfanfare under markeringa.

Her kan du lesa appellen til Vilde og Natalie:

FN-appell

Gratulerer med dagen!
I dag feirar vi FN-dagen og at det er 75 år sidan FN vart danna.
 
FN arbeider for å gjera verda til ein betre stad for alle menneske. FN er spesielt oppteken av at alle barn skal vera trygge, kunne få gå på skule og eta seg mette. Samstundes veit vi at det ikkje er alle som har det trygt og godt. Tusenvis av barn og unge må flykta frå landa dei bur i fordi det ikkje er trygt å bu der. Andre stader er det barn som må begynna å arbeida medan dei enno er små, fordi familien lever i fattigdom. Kanskje får dei ikkje eta seg mette kvar dag, eller kanskje får dei ikkje gå på skule slik dei eigentleg har rett til og lyst til.  

På nyheitene høyrer vi ofte om det som ikkje fungerer i verda, og om dei menneska som har det verst. Difor må vi ikkje gløyma at det er mykje bra som skjer i verda, og. I løpet av dei 75 åra FN har eksistert har organisasjonen bidrege til å beskytta flyktningar, unngå krigar, gje mat til menneske som svelt og syte for at barn får naudsynte vaksinar. Faktisk er det mange fleire barn i verda som får gå på skule i dag, enn då foreldra deira gjekk på skule. Det er også færre menneske i verda i dag som lever i ekstrem fattigdom. Dette viser at samarbeid nyttar, og at alle land i verda må halda fram med å arbeida saman for at verda skal bli ein betre stad.
   
Barn og unge i dag gir også tru på framtida. Det siste året har vi sett barn og unge som seier klart ifrå når urett skjer. Vi har sett barn og unge som streikar fordi vaksne ikkje gjer nok for klimaet, eller som protesterer i gatene når andre opplever rasisme.
 
Hald fram denne kampen - og gratulerer med FN-dagen!

 

Tekst og foto: Geir Follesø, Nordbygda skule
Appelltekst: Vilde Haukeland og Natalie Myklebust 


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 23.10.2020