HjemNyhendeForbod mot all bruk av vatn som ikkje er til vanleg hushaldning

Forbod mot all bruk av vatn som ikkje er til vanleg hushaldning

På grunn av svært høgt vassforbruk den siste tida, må Masfjorden kommune innføra avgrensingar på bruk av drikkevatn. Det vert difor innført forbod mot hagevatning, bassengfylling og anna bruk av drikkevatn ut over vanleg hushaldningsbruk.

Forbodet gjeld frå i dag og inntil vidare. Om du ikkje er tilknytt Masfjorden kommune sine vassverk, kan du sjå bort frå denne meldinga.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 18.06.2020