HeimNyhendeHøyring - Framlegg til ny forskrift om minsteareal for hjort i Masfjorden kommune

Høyring - Framlegg til ny forskrift om minsteareal for hjort i Masfjorden kommune

Teknisk utval gjorde 21.09.2021 vedtak om å setta i gang ein prosess for å vurdera å endra minstearealet for jakt på hjort i Masfjorden kommune til 350 og 400 daa.

Vedtak i Teknisk utval, sak 012/2021:

Teknisk utval vedtek å leggja forslag om lokal forskrift om minsteareal for hjort i Masfjorden kommune ut på offentleg høyring.

Framlegg til forskrift om jakt på hjort, Masfjorden kommune, Vestland
Heimel: LOV-1981-05-29-38-§16
§ 1. 1.Minsteareal for godkjenning av vald, fellingsløyve og grunnlag for fordeling av fellingskvote er: Sandnes og Frøyset sokn får: 350 daa. Indrefjorden får 400 daa og gjeld frå vald 54 Eikemo/Stallane/Solhaug til grensa mellom Stegalvik og indre Haugsdal.
§ 2.Denne forskrift trer i kraft 1. januar 2022.
§ 3.Samtidig vert forskrift av 15. juni 1993 nr. 627 om minsteareal for hjortejakt i Masfjorden kommune oppheva

Masfjorden kommune legg framlegg til ny forskrift for om jakt – og fastsetting av minsteareal for godkjenning av vald og fellingsløyve ut på offentleg høyring.
Høyringsfristen vert på 6 veker til 05.11.2021.

Høyringsdokument:
Saksframlegg for teknisk utval (pdf)

Du kan senda inn høyringssvar på elektronisk skjema (skjema.kf.no).
Alternativt kan du sende innspel/kommentarar til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller per e-post til: post@masfjorden.no

 

Tekst: Ottar Myrtveit, konsulent


Sist oppdatert: 27.09.2021
Publisert: 24.09.2021