HeimNyhendeKunngjering om framlegg til ny forskrift for slamtømming

Kunngjering om framlegg til ny forskrift for slamtømming

Formannskapet i Masfjorden kommune har i møte den 12.10.2020, sak 087/2020, gjort vedtak om å leggje framlegg til ny forskrift for slamtømming ut på offentleg høyring. Forskrifta er heimla i lov om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §26, 3. ledd, §30 2. og 3. ledd og §34.

Den nye forskrifta vil erstatta gjeldande forskrift om slamtømming som vart vedteken i kommunestyret den 13.05.2004. Denne er felles for alle kommunar i NGIR.

Høyringsdokumenta i pdf-versjon:

Kommunen ønskjer innspel til ny forskrift om slamtømming og ber om at dette vert sendt innan 20. november til: Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes, eller på elektronisk høyringsskjema(skjema.kf.no).


Sist oppdatert: 24.11.2020
Publisert: 05.11.2020