HjemNyhendeFramlegg til planstrategi 2020 - 2023 for Masfjorden kommune

Framlegg til planstrategi 2020 - 2023 for Masfjorden kommune

Formannskapet i Masfjorden har i møte den 21.10.2019, i sak 073/19, og i medhald av plan- og bygningslova sin § 10-1 gjort vedtak om å leggja framlegg til planstrategi for Masfjorden kommune 2020 – 2023 ut på høyring.

Plan¬strategi er ei vurdering av kva planbehov ein  kommune har og kva prioriteringar kommunestyret gjer i valperioden.  Planstrategien er ikkje formelt bindande og kommunestyret  kan gjera endringar og prioritera om dersom det er gode grunnar for det.
Planarbeid, som ikkje er omtala i planstrategien, kan verta sett i gang utan ny handsaming av planstrategien. Dersom kommunestyret ønskjer å leggja bort større planoppgåver som var prioritert, bør dette grunngjevast og skje ved at kommunestyret endrar planstrategien.
Planstrategien kan gje signal om kva private planinitiativ som kan venta å få positiv handsaming, men planstrategien har ikkje direkte rettsverknad i høve til innbyggjarar. Det kan ikkje klagast på eller fremjast motsegn til kommunen sin planstrategi.

Strategidokumentet med tilhøyrande saksdokument:

Strategidokument (pdf)
Saksutgreiing (pdf)

Det er svært ønskjeleg at det kjem inn synspunkt på dette dokumentet, slik at saka vert godt belyst før den går opp til endeleg slutthandsaming i kommunestyret i 2020.

Planen vert med dette lagt ut på høyring i perioden 20. desember til 20. januar 2020.  Ein ber om at merknader vert sendt på elektronisk høyringsskjema som du finn på heimesida, alternativt på post til:
Masfjorden kommune, Austfjordvegen 2724, 5981 Masfjordnes.


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.12.2019