HjemNyhendeKurs i endring av levevanar for vaksne

Kurs i endring av levevanar for vaksne

Friskliv og Meistring er ein del av kommunen sitt totale helsetilbod og ein samarbeidspartnar i kommunen sitt folkehelsearbeid.Fokuset er å fremje helse og førebyggje sjukdom. 6.september er det oppstart av det nye kurstilbodet Kurs i endring av levevanar for vaksne.
Dette kurset vil ta for seg korleis ein kan meistre sjukdom og belastningar gjennom endring av levevanar. Eit døme på dette kan vera å balansera kvardagens gjeremål, ete sunnare og vera meir fysisk aktiv.
Kurset baserer seg på helsedirektoratet sine anbefalingar, og er ei kursrekke der kvar kurskveld byggjer på kunnskap frå ein tidlegare kurskveld.
 
I tillegg vil deltakarar også få ein individuell samtale ved oppstart og slutt. Pårørande kan også delta på kurs. 

Det er begrensa plassar på kursa. Eigenandel er 500,- 
I tillegg til dette kurset vert det og tilbydd digitale kurs i røykeslutt og tankevirus. 

Informasjon og påmelding finn du på Alver kommune sine nettsider. 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 08.08.2022