HjemNyhendeFrivilligheit på dagsorden

Frivilligheit på dagsorden

Omlag 25 personar deltok, eit godt oppmøte på ein torsdag ettermiddag. Dei fekk bidra med eigne tankar og ynskjer for korleis kommunen kan leggje til rette for godt samarbeid og frivillig arbeid i alle sektorar.

-Det er no behov for ei felles utgreiing i forhold til frivilligheitsarbeid, slik at me kan få det på dagsorden, seier møteleiar og varaordførar Torill Torsvik Størkersen.
-Me fekk inn mange gode innspel på dialogmøtet. Det er ein god start på vegen mot frivillig arbeid, forankra i kommunen. Frivillighetssentralen skal over i kommunal regi 1.januar.2023, og det arbeider me for no.

Aase Marie Olafsen representerte Frivillighet Norge.

Aase Marie Olafsen representerte Frivillighet Norge.

Lurt på CV-en

Det er mange forskjellige grunnar til at folk melder seg til frivillig arbeid. Statistikk frå 2019 viser blant anna at 5% driv med frivillig arbeid for å kunne bruke det i CV-en.
-Mange tenkjer ikkje på kor positivt det er å referere til frivillig arbeid i ein jobbsøke-situasjon. For ungdom som vil ut i arbeidslivet kan det vera utslagsgjevande, fortel representant for Frivillighet Norge, Aase Marie Olafsen. Ho fortel at det i år er Frivillighetens år, og at det difor er ekstra mykje som skjer rundt temaet.

Les meir om frivilligåret (www.frivillighetensar.no)
Les meir om Frivillig Norge (www.frivillighetnorge.no)

Dersom du har lyst å bidra til arbeidet med å skapa ein god frivilligheitskultur i kommunen, ta kontakt på epost med kommunen eller Torill Torsvik Størkersen.


 

Tekst og foto: Sigrun Haugsdal Reknes


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 06.05.2022