HjemNyhendeHar du testa postitivt på korona?

Har du testa postitivt på korona?

Etter seksuelle overgrep opplever mange at kjensla av tryggheit er borte. Det er mogleg å ta tryggheita tilbake. Hos Nok. Bergen får utsette og pårørande hjelp frå erfarne fagpersonar som med god fagleg kompetanse hjelper deg å bearbeida det som er vanskeleg.

Hovudtilbodet ved Nok. Bergen er samtalar med fagleg rettleiar. Innimellom vert det arrangert samtalegrupper med ulike tema. På senteret er kan ein og nytta seg av kreative og sanseregulerande tilbod. Nok. Bergen er eit supplement til offentlege helsetenester, og er gratis tilgjengeleg for alle innbyggarar i tidlegare Hordaland fylke.

Ta kontakt med Nok Bergen

Dersom du ønsker å nytta deg av dette tilbodet, kan du ringe, sende SMS eller e-post for å avtale tid. Du kan og koma innom senteret i våre opningstider (du finn dei på nettsida).

Senteret ligg på St. Jakobs plass 9 i Bergen, men har i tillegg filialar på Stord, Voss og Norheimsund.

Sjå nokbergen.no for meir informasjon. Føl oss gjerne på Facebook og Instagram for hyppige oppdateringar om tilbod og aktivitetar.

Kontakt
  • Tlf. 55 90 49 90
  • E-post: post@nokbergen.no
  • Mobil: 90 85 35 69 (NB: kun for tekstmeldinger)

Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 31.01.2022