Heidring av OL-vinnaren Kåre André
I samband med kommunestyremøtet 10. september var det endeleg tid for Masfjorden kommune å heidra kokken og den formidable prestasjonen han og resten av kokkelandslaget sto for under kokkemeisterskapet i Tyskland.
Kokke-OL er utan tvil den største konkurransen i kokkesamanheng. Store deler av verda er representert.
Konkurransen var delt opp i to. Del ein, «Chefs Table», gjekk ut på å fremja nasjonane sine råvarer gjennom seks små serveringar til eit dommarpanel. I tillegg måtte det presenterast eit fat som spegla visjonen til laget. Den andre konkurransen var ein restaurant der laget måtte køyra ein kjøkkenservice med ein tre-retters meny.
-Me er stolte over det du og laget ditt har prestert, sa ordføraren i helsinga til OL-meisteren. -Du er ein god ambassadør for god kokkekunst, men og for kommunen du kjem frå. Mat og kvalitetsmat har dei seinare åra fått eit sterkare fokus , først og fremst takka vere media, og når me no ser at tidlegare prisvinnar Hellstrøm drar på åra, så er det kanskje du som i framtida kan ta over hans rolle på skjermen.
Ordføraren overrekte avslutningsvis blome og ein hødl til stjernekokken frå Masfjorden.
Tekst og foto: Masfjorden kommune