HeimNyhendeHeimevernet gjennomfører øving frå 2. til 6. mai 2022

Heimevernet gjennomfører øving frå 2. til 6. mai 2022

Hovudaktivitetane vil være ved Haugsdal skytebane i Masfjorden kommune, samt Nyborg skytebane og Oppedal/Brekke sine skytebaner i Gulen kommune.

Øvinga kan også i periodar innebere at militært personale er synleg i lokalsamfunnet, langs vegaksar og knute/interessepunkt. Mannskapa vil bæra våpen og lausammunisjon. Ved deler av øvinga kan det vere aktivitet der lausammunisjon blir brukt. Lokalt politi vil bli informert om dette.

Publikum vert bedt om å etterkomma skilting og eventuelle oppmodingar frå militært personale gjennom heile perioden.

Pressemelding med varsel om militær øving vil også bli sendt til lokalavisene.

 

 

 

Tekst: Heimevernet v/områdesjef og Masfjorden kommune

 


Sist oppdatert: 27.04.2022
Publisert: 27.04.2022