HjemNyhendeHelsestasjonen og skulehelsetenesta på Helsenorge

Helsestasjonen og skulehelsetenesta på Helsenorge

Det er no mulig å be om timeavtalar, avbestille avtalar, og sende meldingar på ein trygg og enkel måte.

Illustrasjonsbilde frå helsenorge.no

Her finn ein også mykje nyttig informasjon om helse og innhaldet i tenestene.
Vi tilrår bruk av appen til helsenorge, eller ein kan logge seg på via helsenorge.no.

Digital kommunikasjon gjennom helsenorge er også nytt for dei tilsette ved helsestasjonen, og vi ber derfor om forståing for at nybyrjarfeil kan oppstå.
Informasjonsvideo: Kontakt din helsestasjon på nett (med intro) - YouTube

Dersom ein ikkje ynskjer å benytte helsenorge.no, kan ein framleis ta kontakt med helsestasjonen på telefon eller e-post.
Minnar om at vi ikkje ynskjer sensitiv informasjon via e-post.

Barn og ungdom er også alltid velkommen til å ta kontakt med oss
Alle barn er alltid velkommen til å kontakte oss direkte når vi er på helsestasjonen, i barnehagane, eller på skulane. De kan også kontakte oss gjennom telefon eller epost (skriv berre at du ynskjer kontakt på epost, ikkje sensitiv informasjon om kva det gjeld), eller få hjelp av ein voksen til å komme i kontakt med oss.

Ungdom over 16 år kan sjølv kontakte oss via helsenorge utan at foreldre treng å vite det, klikk her for å sjå video.

Velkommen til oss på helsestasjonen. 


Sist oppdatert: 19.07.2023
Publisert: 19.07.2023