HeimNyhendeHøyring - Søknad om utvidig av lakse- og tareanlegg ved lokalitet i Leirvika

Høyring - Søknad om utvidig av lakse- og tareanlegg ved lokalitet i Leirvika

Dagens anlegg består av ein 100x300 m ramme med plass til tre flytekragar. Anlegget vert
godkjent for 4 merdar 15.03.2019 og for 120 DA tare 29.11.2016.

Det er klarert eit tareanlegg ved sidan av lakseanlegget, og det vert søkt utviding av tareanlegget til eit totalt areal på 370 DA.

Det vert og søkt om å utvide lakseanlegget til fem merdar, slik at ein har høve til å ha mindre, og einskilde grupper ved forsøk i anlegget. Det vert ikkje søkt om endring i produksjonskapasitet.

Austfjorden har relativt høgt lusetrykk. For å kunne avluse effektivt med minimal belastning for
fisken vil det vere hensiktsmessig å gå ned på tal/tonnasje pr merd. Engesund erfarer at det kan vere bra for tilvekst og fiskehelse å gå ned på tal fisk pr merd

Anlegget ligg innafor Masfjorden kommune sin nye arealplan (2018 - 2030) vedteke 09.05.2019.

Høyringsdokumenta i pdf:
Søknad frå Engesund Fiskeoppdrett AS
Anleggskonfigurasjon
Følgjebrev
Notat frå rådgjevande biologar
Straum og botnundersøking

Søknaden er også lagt ut til gjennomsyn på kommunehuset, Masfjordnes, i tida 28.01 – 25.02.2022.

Kontaktperson: Roald Kvingedal, e-post: roald.kvingedal@masfjorden.kommune.no

Du kan bruke heimesida sitt elektroniske høyringsskjema (skjema.kf.no)


Sist oppdatert: 28.01.2022
Publisert: 28.01.2022