Influensavaksine i Masfjorden kommune 2020-2021
I år vil vaksinasjonen skje litt annleis, dette på grunn av korona-pandemien. Det vil bli tatt smittevernlege omsyn og difor må me organisere vaksinasjonen i større lokale enn tidlegare.
Det er viktig at dei som er i risikogruppene vaksinerer seg, då det i stor grad er dei same som er i risikogruppe for alvorleg sjukdom av Covid-19.
Desse personane er spesielt tilrådde å ta influensavaksine:
- Alle som har fylt 65 år
- Bebuarar i omsorgsbustadar og sjukeheim
- Barn og vaksne med:
- Diabetes mellitus, type 1 og 2
- Kronisk luftvegssjukdom
- Kronisk hjarte- og karsjukdom
- Kronisk leversvikt
- Kronisk nyresvikt
- Kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
- Nedsett immunforsvar
- Svært alvorleg overvekt (BMI over 40)
- Anna alvorleg eller kronisk sjukdom - Gravide frå 12. veke i svangerskapet
I tillegg vert det tilrådd influensavaksine til:
- Helsepersonell som har pasientkontakt.
- Husstandskontaktar til immunsupprimerte pasientar
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.
I år ventar ein større etterspørsel etter vaksinasjon og det må difor gjerast prioriteringar. I første omgang er det personar definert i punkta over som vil bli prioritert for vaksinasjon. Ein kan lese meir på Folkehelseinstituttet si heimeside(www.fhi.no)
I tillegg vil det bli mogeleg å vaksinere med pneumokokkvaksine(www.fhi.no) for dei som er i risikogruppa for dette, så langt det er tilgang på vaksiner.
Vaksinasjonsdagar i Masfjorden kommune vert:
Indrefjorden, Solheim Grendahus: måndag 26. oktober kl. 9.30 - 13.30.
Sandnes, Fjon Grendahus: tysdag 27. oktober kl. 9.30 - 13.30.
Nordbygda, Nordbygda samfunnshus: Onsdag 28. oktober kl. 9.30 - 13.00 og 15.30 - 18.00.
Etter 1. desember kan personar som ikkje er definert i punkta over ta kontakt med Masfjorden helsestasjon eller legekontor ved ynskje om vaksinasjon.
Kostnad
På grunn av korona er vaksinen i år subsidiert til risikogruppa. Det vil seie at den berre kostar kr. 50, for dei som har frikort er den gratis. For personar som ikkje er i risikogruppa kostar vaksinen 200 kr.
Av smittevernomsyn skal ingen betala vaksinen denne dagen. Legekontoret vil sende faktura til alle i ettertid.
Masfjorden helsestasjon: 56166313 / 56166314. Masfjorden legekontor tlf. 56166300.
Tekst: Masfjorden helsestasjon og skulehelsetenesta