HjemNyhendeInformasjon om jodtablettar

Informasjon om jodtablettar

Mange lurar no på om ein bør gå til innkjøp av jodtablettar på grunn av krigen i Ukraina. Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) reknar det som lite truleg at det vert naudsynt å ta jodtablettar her i landet.

Dersom det skulle skje ei ulykke på eit av kjernekraftverka i Ukraina og vinden bles mot Noreg, kan det kome radioaktivt nedfall over norske område. Det mest aktuelle tiltaket i ein slik situasjon, vil vere å oppmode folk om å halde seg innandørs. Desse vurderingane vert gjort av DSA.

Generelt råd om jodtablettar

DSA tilrår alltid at alle under 40.år har jodtablettar lagra heime. Grunnen til dette er at reaktordrivne fartøy jamleg seglar langs norskekysten. Dersom det skulle verte ei alvorleg hending med ein av desse, kan det verte aktuelt å gje råd om å ta jodtablettar.

Jodtablettar skal berre takast etter råd frå styresmaktene. Det vil komme informasjon frå kommunen, samt media og nettsidene til DSA i tilfelle krisesituasjon.

Korleis skaffe jodtablettar?

Masfjorden kommune har jodtablettar til born og unge under 18.år, gravide og ammande. Desse er lagra på tre ulike stader, i kvar del av kommunen. Kommunen har beredskapsplan for utdeling av desse, i tilfelle krisesituasjon.

Jodtablettar kan også kjøpast på apotek. Det har dei siste dagane vore meldt om mangel på jodtablettar på apoteka. DSA seier at det dei komande dagane vert sendt ut store mengder tablettar til grossistar og apotek.

Det vil kome informasjon og råd om tiltak dersom situasjonen endrar seg.

 

Tekst: Sigrun Haugsdal Reknes


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 02.03.2022