HjemNyhendeInformasjon om Ny fastlege ved Masfjorden Legekontor

Informasjon om Ny fastlege ved Masfjorden Legekontor

Frå 1 Juni vil Rolf Martin Tande redusere lista si. Det vil sei at nokon av hans pasientar vil bli overført til Marita Bru. Sidan flytting av pasientar skjer via ein automatisert prosess med tilfeldig uttrekk i Helfo sine system, kan verken Masfjorden kommune, din noverande fastlege eller Helfo på førehand svare på kven som blir overført til ny fastlege.

Når fastlegebytte blir gjennomført vil du få eit brev frå Helfo med informasjon om din nye fastlege. Fastlegebytte trer i kraft 01.06.23, og du må regne med at informasjonen kjem tett opp til denne datoen.

Dersom du er usikker på kva fastlegeliste du tilhøyrar kan du finne informasjonen ved å logge inn på HelseNorge.

 

Om du har fastlege ved eit anna legekontor er det viktig at du nyttar den. Fastlegen er den som har best informasjon om deg, og kan utøve best mogleg hjelp for deg.

For dei som ikkje har fastlege ved kontoret og oppheldt seg i kommunen, hjelper Masfjorden legekontor ved akutt behov for helsehjelp.

 

Tekst: Ida Eide, Masfjorden legekontor


Sist oppdatert: 08.05.2023
Publisert: 08.05.2023