HeimNyhendeIngen nye smittetilfelle i veke 51

Ingen nye smittetilfelle i veke 51

Dette er godt nytt når me no nærmar oss julehelga.

Denne veka (veke 51) har 15 personar vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg, og alle testane me har fått svar på har vore negative.

Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og håper at alle også i samband med julefeiringa hugsar på å ha færrast mogeleg nærkontaktar.
Me minner om dei smitteførebyggjande råda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 18.12.2020
Publisert: 18.12.2020