HjemNyhendeIngen nye smittetilfelle i veke 46

Ingen nye smittetilfelle i veke 46

Nærare 100 personar har vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg dei siste 14 dagane. Det er ikkje er påvist covid-19 smitte i kommunen siste veka.

Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og slik bidreg  til å slå ned smitten i samfunnet.  

Masfjorden kommune minner om råda frå nasjonale styresmakter om å ha minst mogeleg nær kontakt med andre komande veker, for å prøve å slå ned smitten i samfunnet. Hugs dei generelle førebyggjande smittevernråda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.


 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 13.11.2020