HjemNyhendeIngen nye smittetilfelle i veke 47

Ingen nye smittetilfelle i veke 47

Denne veka(veke 47) har nærare 30 personar vore og testa seg ved teststasjonen i Fensfjordbygg, og alle testane me har fått svar på har vore negative.

Me er takksame for at innbyggjarane i Masfjorden kommune tek smittevernråda på alvor, og bidreg  til å slå ned smitten i samfunnet.

Masfjorden kommune minner om råda frå nasjonale styresmakter om å ha minst mogeleg nær kontakt med andre. Hugs dei generelle førebyggjande smittevernråda: Minimum 1-meters avstand, god handhygiene og å vere heime ved luftvegssymptom.

Legekontoret har god testkapasitet, og me oppmodar innbyggjarar som har luftvegssymptom om å ta kontakt på telefon 56 16 63 00 for å få utført koronatest.

 

 

Tekst: Oddvin Neset, helse- og omsorgsleiar

 


Sist oppdatert: 13.01.2023
Publisert: 20.11.2020