HeimNyhendeInnsamlingsaksjon i Nordbygda barnehage

Innsamlingsaksjon i Nordbygda barnehage

Nokre av kunstverka frå Fiolen

Me fekk inn kr 8030,- som denne gongen går til barn i India.
Tusen takk til alle som bidrog med kjøp av lodd, mat og ulike produkt barna har laga i barnehagen.

Bistandsorganisasjonen FORUT gjennomfører årleg FORUT Barneaksjonen saman med barnehagar og skular i heile Noreg. Gjennom leik, læring og mange små innsamlingsaksjonar bidreg FORUT til auka kunnskap om barn sine levekår, og viktige inntekter til humanitær innsats i fleire land i Asia og Afrika.

 

Tekst og foto: Inger Marie Duesund, styrar.


Sist oppdatert: 17.03.2022
Publisert: 17.03.2022