HjemNyhendeSiste sjanse for billettar til Eggum-konserten

Siste sjanse for billettar til Eggum-konserten

Den første av dei to konsertane Jan Eggum skal ha i Nothuset 5. august er no utseld. Det er enno ledige billettar til konsert 2 seinare på kvelden, men det gjeld å vera rask dersom du vil sikra deg billettar.

 

Billettar kjøper du her: Jan Eggum i nothuset på Masfjordnes, konsert 2 (ticketco.events)

 

Jan Eggum trivest i dei fleste samanhengar. I stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester-eller saman med songkor. Det er likevel noko heilt eige å oppleva Eggum åleine med gitaren, og gjerne i et lite lokale. Det er i slike samanhengar ein verkeleg føler at ein kjem tett på mannen og songane. I 2023 skal Jan og gitaren skal reisa landet rundt med eit repertoar som tar utgangspunkt i mange av dei vakre balladane han har laga. Kva meir kan ein ønska seg?

Fotograf: Jarle H Moe                                                                                                                                Fotograf: Jarle H. Moe

Sandneskaféen har ope frå kl 16 og serverer fiskesuppe og forfriskningar til gjestane.

 

Arr. Masfjorden kommune/ Sommarscena i samarbeid med Sandneskaféen 2728


Sist oppdatert: 13.07.2023
Publisert: 25.05.2023