HeimNyhendeKommunalt næringsfond som følgje av Covid-19 - fyste søknadsfrist er 1. november 2020

Kommunalt næringsfond som følgje av Covid-19 - fyste søknadsfrist er 1. november 2020

Midlane skal forvaltast etter «Mellombels forskrift om tilskot til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbrodet», sjå lenke til lovdata.no. Det er lagt opp til at søknader som kjem inn før 1. november vert behandla samla. Ordninga i Masfjorden vil gjelde til heile løyvinga er nytta.

Statlege føringar for ordninga:

Målgruppene er bedrifter, etablerarar og aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling. Kommunane kan unntaksvis tildele midlar til eigne tiltak som oppfyller føremålet.

I vurderinga av søknadene skal det leggjast særleg vekt på:

  • tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
  • tiltak som motverkar negative verknader av covid-19-utbrotet
  • tiltak som kjem raskt i gang

Søknader skal sendast gjennom www.regionalforvaltning.no. Det kan berre søkjast om tilskot til tiltak som ikkje er starta opp. Samla tilskot skal som hovudregel ikkje overstige 50 prosent av kapitalbehovet i prosjektet, og det skal aldri overstige 75 prosent. Gjeldande satsar i EØS-reglane for bagatellmessig støtte/gruppeunntaket skal følgjast, som mellom anna inneber at maksimal støttesats til fysiske investeringar i mindre verksemder er 35%. Tilskot skal utbetalast etterskotsvis, men delutbetalingar er mogleg.

Ta gjerne kontakt med kommunen sitt næringsapparat Gulen og Masfjorden Utvikling AS (www.gmu.no) v/Ragnhild Undertun, tlf. 901 42 025, for orientering om ordninga og eventuell hjelp i søknadsprosessen.

 

Tekst: Svein Helge Hofslundsengen, rådmann


Sist oppdatert: 01.10.2020
Publisert: 01.10.2020