HeimNyhendeMasfjorden får dagsturhytte

Masfjorden får dagsturhytte

Dagsturhytta i Bremanger
(Bilete: Vetehytta i Bremanger)

Dette er ei vidareføring av suksessen i Sogn og Fjordane, der alle dei 26 kommunane i tidsrommet 2017-19 har fått ei slik hytte. Reknes byggjevare har vore leverandør av hyttene som er bygd i Masfjorden, før dei har blitt frakta til stadane der dei skal monterast.

I møte 21. november vedtok kommunestyret at Masfjorden skulle søkja midlar til hytte. Det vart samstundes løyvd ein kommunal del av spleiselaget som må til for fullfinansiering.

Masfjorden har no fått tilskot til dagsturhytta.

Prosjektet er eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kommunen. Hordaland fylkeskommune gjev kr. 200 000 i tilskot. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane gjev eit tilskot på kr 100 000.
Prosjektet er spelemiddelkvalifisert og 1/3 av dei samla kostnadane vert henta herifrå, etter søknad frå kommunen.
Den kommunale delen er  kr 100 000 + grunnarbeid.

I det vidare arbeidet mot realisering av hytta er det viktig med gode prosessar og brei medverknad. Kommunen har utfordra Idrettsrådet til å samordna dette arbeidet, med god involvering av lag, organisasjonar og institusjonar i kommunen.
Kommunen ønskjer spesielt at saka kring lokalisering vert drøfta , og at det kjem ei tilråding frå idrettsrådet til kommunen innan 1. mars 2020, basert på dialogen som har vore med lag og organisasjonar.

Hytta bør i utgangspunktet plasserast nært ein av skulane våre, slik at elevar og born også kan nytta denne i skuletida.

Det er og viktig at aktuelle grunneigarar er positive til  å få ei slik hytte på sin eigedom.

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak på kvar hytta skal plasserast. Målet er at hytta skal stå klar i 2021.

Her kan du lesa om dagsturhytteprosjektet i Sogn og Fjordane:
https://www.sfj.no/dagsturhytta-no.477114.nn.html


Tekst: Frank Kvinge
Foto: Magnar Egil Øren Gangsø


Sist oppdatert: 26.05.2021
Publisert: 06.12.2019