HeimNyhendeKommunestyret 2023-2027

Kommunestyret 2023-2027

Ordførar Karstein Totland leia starten på møtet. Først vart kommunestyrevalet 2023 godkjent samrøystes.

Det kom forslag at Erlend Kvamsdal (H)  skulle bli ny ordførar. Han vart vald samrøystes. Karstein Totland gratulerte deretter ordførar Erlend Kvamsdal med valet, og Kvamsdal fekk overrekt ordførarklubba og ordførarkjedet.     

Ordførar Erlend Kvamsdal og tidlegare ordførar Karstein Totland

Den nye ordføraren leia møtet vidare.

Geir Egil Haugsvær (Sp) vart deretter valt til ny varaordførar.

Så var det val på nytt formannskap og  eit forslag frå Geir Egil Haugsvær (SP) vart samrøystes vedteke. Så snart det var gjort, var det val av ny ordførar.                                                                                                                                      
Vidare i møtet vart det val av medlemmer til  følgjande utval:

  • Kontrollutval
  • Kraftfondstyret
  • Valstyret
  • Administrasjonsutvalet
  • Valutval

Desse er valt inn i det nye kommunestyret: 

For Høgre: Erlend Kvamsdal, Sigrun Haugsdal Reknes, Kariann Ekren, Gunnar Andvik, Vebjørn Haugsdal, Bjarte Andvik og Veronica Hjartholm.
For Senterpartiet: Geir Egil Haugsvær, Rigmor Søvik og Stian Søvik.
For Arbeiderpartiet: Torill Torsvik Størkersen, Mariann Fløtre Andvik. Ragnvald Tangedal, Aina Sleire.
For Framstegspartiet: Ørjan Daae og Svein Bjarte Fredheim.
Frå Venstre: Tove Kristin Sleire Tistel.

Kommunestyret 2023-2027

Kommunestyret: Her ser de dei nye kommunestyremedlemmene, samt nokre vararepresentantar, frå venstre - Ørjan Daae (Frp), Svein Bjarte Fredheim (Frp), Rigmor Søvik (Sp), Stian Søvik (Sp), Geir Egil Haugsvær (Sp), Ragnvald Tangedal (Ap), Erlend Kvamsdal (H), Alf Strand (V), Vebjørn Haugsdal (H), Gunnar Andvik (H), Svein Helge Hofslundsengen (rådmann), Sigrun Haugsdal Reknes (H), Veronica Hjartholm (H), Helga Nyhavn Matre (H), Kariann Ekren (H), Torill Torsvik Størkersen (Ap), Aina Sleire (Ap), Mariann Fløtre Andvik (Ap) 


Sist oppdatert: 27.10.2023
Publisert: 27.10.2023